Norsk Polarinstitutt er det offisielle organet for vedtak om stadnamn i norske polarområde. Nærmare bestemt Svalbard (inkludert Bjørnøya) og Jan Mayen med nære havområde, og likeins i sør: Dronning Maud Land, Bouvetøya og Peter I Øy med nære havområde. Det er namnekomiteen ved Norsk Polarinstitutt som vedtek stadnamn. Alle norske stadnamn i Arktis og Antarktis er samla i ein åpen database.