Norsk Polarinstitutts bibliotek er offentleg. I tillegg til å vera eit forskingsbibliotek for tilsette i Polarinstituttet og Framsenteret, er vi opne for alle interesserte.

Du kan låne dei fleste bøkene våre anten ved å besøke biblioteket i Tromsø eller du kan bestille fjernlån gjennom eit anna fagbibliotek eller folkebibliotek.

Nokre avgrensingar gjeld:

  • Vi låner ikkje ut bøker som er utgjevne før år 1900.
  • Vi låner ikkje ut småskrifter, dagbøker, arkivmateriale eller sjeldne, sårbare dokument. Men du kan kjøpe kopiar.

Polar bokkafe

Vi inviterer til litterært påfyll frå kalde strøk! Med jamne mellomrom utfordrar vi ulike gjestar til å fortelje om ei utvald bok frå vår store polarsamling.